HjemOm OssKattenePlanerKattungerKullBilderShowLinkerGjestebok

Me som står bak (N) Stølsgaden oppdrett heiter Odd Kåre Remme og Edvin Vågstøl.

Me bur på ein gard på Radøy. Ca 40 km nord for Bergen. På garden har me i tilegg til kattane ein del storfe og mangen sauer. Me har vore aktiv med i avlsarbeide på sjeviotsauen i mangen år og har såleis mykje erfaring med å drive avl.

 

Kattar på garden har det alltid vore men første rasekatten kom først i januar 2003.

Det var Oscar av Oseberg (N). Her har det aldri vore planlagt å starta med rasekatter, grunnen til at me begynte å leita etter katt i skogkattmiljøet var at me nesten var hysterisk for å finna ein erstatning for ein kvit langhåra hannkatt som me miste på ein tragisk måte. (Det var katten me aldri gløymer)  Etter at me hadde kontakta nokre skogkattoppdrettere var det ein som kunne opplysa at det var eit kull på Os med fleire kvite

Etter å ha snakka med Britt og Frode Thomassen gjekk turen til Os. Oscar som var ein av to kvite hanner skulle egentleg til U.S.A., men dei var villige til selja han til oss vist me var inntressert. Det var ingen stuss ifrå vår side så Oscar vart vår samme kveld. Oscar var ein go-gutt av dei beste som me vart svært glad i. Våren 2004 begynte han å verta litt urolig og rastlaus i heimen så då me såg ei annonse på eit kull i Blomsterdalen bestemte me oss for å prøva å finna ei selskapsvenninne til Oscar der. Og såleis vart det til at (N) Blomsterdalen`s Angelica kom til oss.  Marianne og Frank som Angelica kom ifrå yngste å sjå henne att på utstillingar, såleis vart Angelica vår første utstillingskatt . Me var både urfarne og hjelpelause på dei første utstillingane men med god hjelp ifrå Marianne vart det alikevel ein kjekk start. Utstillingsbasillen har komen litt etter kvart så nå er me heilt gira på det området.

Då me synest at me hadde verdens finaste kattepar vart det naturleg å tenkja på å få unger. Første kullet som kom i mai 2006 vart det berre ein levande. Men det var stor stas og kjempekjekt. Oppdretternavn fekk me oss også då . Fleire kull med nydelige unger har det vorte. Alle ungene har flytta til nye heimar og etter tilbakemeldingene me har fått er det berre lykkelig og fornøygde eigarar.

På høsten  2006 begynte me forelska oss i kvite katter med blå auger og bestemte oss for å prøva finna ein som kunne verta vår og då ein hokatt som helst hadde gode kvaliteter. Men det skulle visa seg at det ikkje var lett å finna . Me begynte å kikka hjå Svenske oppdrettere og på vår leit endte me tilslutt opp med to nye katter på garden. Amidala som var den første me henta i Sverig er ikkje kvit men me falt pladask for henne då me såg på eit kull etter den kvite blåaugde S*White pearl Eldarion hjå S *Djupdalen`s oppdrett ved Karlstad.  Men etter at Amidala hadde komen til oss oppdaga me at det var eit nytt kull på gang etter samme faren hjå S* Luna Fortuna oppdrett ved Storvika nord for Stokholm. Me klarte selvfølgelig ikkje å la vere å kontakta dei og kullet på 5 kvite unger var då kommen. Til stor overaskelse gav Jaana og Anders oss førstevalg i kullet.. Det skulle visa seg at den av hokattene me hadde likt best ifrå starten av var blåaugd og då var det veldig enkelt å bestemma seg.

Dei to Svenske prinssene me har fått i huset vårt er me utruleg stolt over å vera eigarar av. Me er svæt takksame til Sabina & Robert og Jaana & Anders for at dei viste oss tillit til å overta dei.

Plananane våre framover no er å avla kattunger på våre flotte prinsersser. Me er sikker på at det vert til stor glede for oss og andre skogkattintresserte.